Skumringssonen av Aron Irving Li

Skulptur i pulverlakkert cortenstål 250 x 170 cm i atriet på Skudeneshavn sykehjem.

Skulpturen Skumringssonen i atriet til Skudeneshavn sykehjem - Klikk for stort bilde Astrid Havn Tranøy

Våren 2023 vart Skudeneshavn sjukeheim fullført og hausten 2024 vart skulpturen Skumringssonen av Aron Irving Li avduka. 

Skulpturen består av sju flate utskårne stålsegmenter som er sett saman i ein stjerneformasjon. Han er lyssett med tre mindre lyskilder som er nedsenka i bedet som omkranser skulpturen. Mønsteret i platene er like, slik at det blir danna ein symmetri i skulpturen, der mønsteret speglar seg sjølv. Utskjæringane gir ei oppleving av at mønsteret endrar seg når ein beveger seg rundt verket, og har ein organisk struktur som strekker seg oppover, som korallen som veks opp av havbunnen. Integrert i mønsteret kan ein skimte konturen av fiskar som svømmer. 

Skudeneshavn sjukeheim er eit nybygg der kunstkomiteen har samarbeida med kunstnaren om å utforme kunst som er integrert i bygget, og spesielt laga for brukarane av bygget. Kunsten har fått navnet Skumringssonen, og er inspirert av havet og det maritime. Kunstkomiteen har i oppdraget lagt vekt på brukarane av sjukeheimen, og det visuelle og taktile har vore ein viktig faktor. Det er tatt omsyn til mobilitet, og ein skal kunne sjå skulpturen både på nært hald i atriet, og frå vindu inn mot atriet frå alle etasjer i bygningen. 

Kunstkomiteen vart leia av Bernhard Østebø. Karmøy kommune vil gjennom kunstprosjekt i skular, institusjonar og offentlege rom bidra til å sikre alle si lovfesta rett til å delta i og oppleve kunst og kultur (kulturlova). Skumringssonen gjev bebuarane i Skudeneshavn sjukeheim tilgang på ei kunst og kulturoppleving av høg kvalitet.

Aron Irving Li er ein Oslo-basert kunstnar som arbeider med skulpturelle metallobjekter. Han er opptatt av tradisjonelle kunsthandverksteknikkar, samtidig som han arbeider i eit moderne uttrykk. Kunstnaren hentar inspirasjon frå menneskeleg påverknad på miljøet, og han tar ofte utgangspunkt i dei komplekse strukturane som han finn i dyre- og planteliv.

Inspired by the complex structures that can be seen in animal and plants I focus on tactility and visuality, and try to capture the beauty of nature.

Aron Irving Li

Du kan lese meir om kunstnaren og sjå kunsten hans her.

https://norskekunsthandverkere.no/users/aron-irving-li

Retningslinjer for kunst i offentleg rom i Karmøy vart vedtatt av kommunestyret i 2019.

På oppdrag for Karmøy kommune har Absurd film og kunstnar Bernhard Østebø laga formidlingsvideo om skulpturen ved Skudeneshavn sjukeheim. Videoen er del av ein serie korte videoar om SkulpTurar i Karmøy som du kan finne her